Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Indre Sogn fredag 19.01.2024

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Unngå leområder med fokksnø. Fokksnøen frå helga er ustabil. Du kan også løyse ut laussnøskred i bratt terreng.

Skredfarevurdering

Der du finn snø som dannar flak i snøoverflata kan det vere lett å løyse ut skred. Fokksnøen kan ligge både på nedføyka nysnø og på vedvarande svakt lag av kantkorn som vart danna på snøoverflata under kuldeperioden etter nyttår. Men det er begrensa kor mange områder som har fått flakdanning på snøoverflata og dermed har den oppbygginga som skal til for å få flakskred.

Det ligg no nok laussnø i terrenget til at det kan vere mogeleg å løyse ut laussnøskred i svært bratt terreng.

Nysnøen fører til at det vert meir krevande å sjå kvar vinden i helga blåste inn snø og laga flak. Skredproblemet med flakskred vil altså vere svært vanskeleg å gjenkjenne i terrenget.

Heile regionen har også eit vedvarande svakt lag av kankorn lengre nede i snøen, rundt skarelag som vart danna i midten av desember. Det har vore mykje drønnelydar i dette laget, men det har gått lite skred på det.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Nysnø (løssnøskred)

Du kan lett løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Ubunden snø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Torsdag 18. januar 2024

Torsdag snør det i regionen. Det er godt med laussnø på overflata. Enkelte stader kan det vere noko fokksnø frå helga under laussnøen. Det er mest fersk fokksnø i sør og austvendte leområder.

Kaldt vêr etter nyttår har også ført til kantkorndanning i overflata. Dette laget er no dekka av nysnøen som har kome siste veka.
Det finst fleire vedvarande svake lag djupare i snøen. Det laget som har gitt mest respons tidlegare er å finne rundt eit skarelag som vart danna under mildvêret 16. desember. Det finst også kantkornlag ved bakken.

Onsdag vart det observert nokre små skiløpar utløyste skred i Sogndalsdalen. Måndag vart det observert eit naturleg utløyst skred i Jostedal som mest truleg har gått då vinden var på det sterkaste søndag.

Onsdag vert det observert drønn i snøen i Jostedal

Fjellvær

Torsdag 18. januar 2024

4 mm i døgnet, opp mot 10 mm i mest utsatt område. Nedbør som snø. Bris fra vest. -18 °C til -9 °C på 1400 moh. Skyet.

Fredag 19. januar 2024

4 mm i døgnet, opp mot 10 mm i mest utsatt område. Nedbør som snø. Bris fra nordvest. -22 °C til -9 °C på 1400 moh. Skyet.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS